Her er litt praktisk informasjon om grunnkursa som klubben arrangerer, og kva som kan vere lurt å ha med på kurs. Dei ulike kursa i våttkortstigen finn du her.

Kurset går vanligvis over to dagar, men vi vil informere om tidspunkt og lengd i kurskalenderen.

I hovudsak vil kurset dreie seg om:

  • Ha det kjekt, og finne gleda med å padle

  • Kose seg og finne gleda med å vere i kajakk i fjøresteinane

  • Bli kjent med utstyret, handtere kajakken, sjøsetjing og entring

  • Ulike padletak, effektiv padling, manøvrering, støttetak og styretak

  • Ilandstiging, sikring av kajakk etter ilandstiging

  • Redningsteknikkar, skadeforebygging, tryggleik

  • Planlegging av tur, generell tryggleik og grunnleggande sjømannskap

  • Generelt om friluftsliv og allemannsretten, sporløs ferdsel

Klubben har mange forskjellige kajakkar som passar til mange forskjellige kroppar. Dette gjeld også padlevestar og tørrdrakter. Har du eige utstyr, kan du bruke dette dersom det er tilpassa havpadling. Men vi anbefalar at du nyttar anledninga til å prøve forskjellige kajakkar som vi har i klubben også.

Du må ha med:

  • Godt med mat og drikke, vi tek matpause ein passande stad (30-45 min.)

  • Varm drikke (kjempeviktig sjølv om det er varmt)

  • Godt med kle. Klubben stiller med tørrdrakt og sko. Men vi anbefalar eit lag eller to med ull innerst og tynne lag med bomull/ull utanpå. Vi kler oss etter vasstemperatur (ikkje lufttemperatur).

  • Ekstra klesskift og handduk (Vi skal trene på nokre redningsøvelsar, så du kan bli våt, spesielt på overkroppen)

  • Vindtett jakke eller fjellduk er godt å ha i pausane, gjerne eit lite sitjeunderlag også for å isolere frå bakken

  • Litt sjokolade eller nøtter for å halde energien oppe

Det kan også vere lurt å tenke på om du kan ha/få behov for:

  • Solbriller, solkrem, caps

  • Hue, hanskar (om du frys lett, er det alltid god å ha å ta på seg i pausar)


Det anbefalast at alt du tek med, er pakka vasstett. Om du ikkje har vasstette pakkposar, kan du også bruke plastposar (i to lag). Sjekk gjerne kva som finnast på sportsbutikkar. Fleire mindre posar er å anbefale framfor ein stor. Både grunna at det er enklare å få ned i bagasjelukene på kajakken, men også om ein skulle vere uheldig å få lekkasje på ein pose...

Skal du ha med deg mobiltelefon, bilnøklar osv. anbefalar vi vasstette boksar til dette. Klubben har nokre, men ikkje nok til alle.  Bilnøklar kan ein også legge att i naustet, det vert låst. Klubben er ikkje ansvarleg for skader eller tap som måtte oppstå.

Om du brukar briller, er det lurt med snor eller liknande for å sikre at du ikkje mistar desse når vi trenar på redning og liknande.

Har du ein sjukdom, ein skade, eller andre ting kursleiar bør vite om eller ta omsyn til, gjer vel å opplyse om dette før kursstart.